|
| 8.6. | Aron Arctander Jensen Født omkring 1793, Liland, Ofoten. ?16,17,18. Død 5 apr. 1862, Punsvik.14. Aron Jensen hadde ord for å ha sers gode evner; men han fekk aldri høve til å nytta dei ut. Han åtte ingen medel til å gifta seg på; men han fekk ikkje lite med kona si, m. a. fekk han garden Ramnes som ekteparet flytta til og dreiv som bondebruk. Men ulykker av mange slag la seg over dei to. Serleg tok sjukdom og død i barneflokken hardt på dei. Sistpå miste dei alt dei åtte av medel og måtte forlata garden og leva hos andre på nåde. Dei skulde få gå om i bygda som legdslemer. Det vart ein tung alderdom dei fekk. Handelsmann Petter Klæboe på Liland [hennes svoger] tok Mette til seg, og der var ho til ho døydde; men krøniken seier at «hun led savn og gjenvordigheder». Aron Jensen vart sett bort til ein gard på andre sida av fjorden. Der hadde han slektningar, og der var han til sin død.19 Om dette ekteskapet har det laga seg forteljingar som har fått svip av folkevisemotivet, om den kjærleiken som ikkje kjenner stengsler eller band. Ein kan ikkje anna enn minnast folkevisa om Bendik og Arolilja eller segna om Hagbard og Signe. Mette Agersborg og Aron Jensen sat på kvar si sida av fjorden og gret over sin lagnad, ho på den nordre sida, og han på den søre. Han gret så lenge at han vart blind, seier segna. - Først skulde foreldra hennar setja seg imot dette ekteskapet av all makt. Men like sterkt heldt dei unge saman. Dei seier at faren forbanna dotter si for denne trassen og vilde gjera ho arvelaus. Men då borna tok til å koma utan ekteskap, laut foreldra gå med på giftarmålet. Det er nytta mange harde ord om foreldra sin stålsette strid i mot så trufast ein kjærleik. Og i første augnekast ser alt dette uskyneleg og umenneskeleg ut. Kva kunde då grunnen vera? Eit spørsmål som dette lyt ei ættesoga stansa ved og prøva finna svar på.20 For livstragedien vart for mykje hard for dette ekteparet. At den sosiale skilnaden stengde så sterkt, er knapt truleg: Han var sers gåverik. Begge av godt folk. Han av ættene Har-Arctander. Dei var så menn tremenningar. Grunnen til motstandet frå hennar foreldre si sida var så visst ikkje vondskap; heller ikkje kunde fordom vega så tungt. Eg trur grunnen er å søkja i otten for dei forferdelege ulykkene, som just kom og knekte desse trugne menneska. Ekteparet fekk 11 born. Fleire av dei vart spillsjuke (spedalske). Ein døydde heime av sjukdomen, og fleire av dei døydde på Reitgjerdet asyl. Her er vi kan henda ved viktigaste grunnen. At dei var så nært skyldte, gjorde faren endå større. Spillsjukdomen (lepra) kjem ikkje ofseleg i eit slektled utan at han har vist seg i eit tidlegare. Dei gamle kjente nok til det; dei såg faren; men dei unge var blinde av elsk. - I den tid høyrte det med til god oppseding i heimane at foreldra åtvara dei unge mot å gifta seg med nære slektningar eller med nokon som kunde ha arvelege sjukdomsdisposisjonar. Ingen sjukdomar var dei meire redde for enn spillsjuka og sinnssjuka. No er det visst ikkje mykje att i heimane av dette oppsedingssynet, dessverre. Men vitskapen, biologien, i våre dagar kan fortelja oss forunderlege og alvorlege ting om dette emnet. Sumen får her vera, at eit ekteskap alltid er eit mykje viktig biologisk spørsmål, som dei unge altfor sjeldan tenkjer over.20 Lyspunktet i denne myrke soga er, at det ut av denne hardt truga slektsgreina har vokse fram mange friske og evnerike menneske som har gjort godt arbeid både i kyrkja og i skole og i andre samfunnsgagnlege gjeremål.20
Gift _____med Mette Nysted Agersborg Født 23 feb. 179514. Død 1 nov. 187014. Datter af Petter Dass Agersborg og Anne Benedichte Hveding. Mette og Aron var tremenninger, og deres foreldre satte seg sterkt i mot dette ekteskapet. Mettes far, Petter Dass Agersborg, forbannet sin datter og truet med å gjøre henne arveløs, men da barna begynte å komme uten at noe ekteskap var inngått bøyde foreldrene av. Petter Dass Agersborg gav dem gården Ramnes i bryllupsgave, dit de flyttet og begynte med gårdbruk. Det var nok ikke sosiale årsaker som var den egentlige årsak til at foreldrene var så sterkt i mot dette ekteskap. Mere trolig er det vel at sykdom - spillsjuka (lepra) og sinnsykdom bakover i slekta var den endelige årsak. Spedalskhet ble betraktet som arvelig, og foreldrene var svært redd denne sykdom.21
|
Børn af Aron Arctander Jensen og Mette Nysted Agersborg: | |
|
Kilder og Noter| 1 | Joh. G. Reppe skriver at han var født 1. feb. 1692 |
| 2 | Vivian Fjordholm: Gårds- og slektshistorie for Lødingen I-II. (Lødingen 1987), s. 109 |
| 3 | Erlandsen: Geistligheden i Tromsø Stift, s. 88 |
| 4 | Vivian Fjordholm: Gårds- og slektshistorie for Lødingen I-II. (Lødingen 1987), s. 897 |
| 5 | Vivian Fjordholm: Gårds- og slektshistorie for Lødingen I-II. (Lødingen 1987), s. 110 |
| 6 | Gerd Fjellstad: Fra Adel til Bumenn - Nordlandsslekter (1996), s. 73 |
| 7 | IGI - http://www.familysearch.com |
| 8 | DIS Salten Slekthistorielag (2000): Skifteregister (CD-ROM) |
| 9 | 23 år gl. ved farens skifte 1793. |
| 10 | Evenes kirkebok (aflæst af Geir Moen) |
| 11 | finnes ikke gift i Ofoten (Evenes). |
| 12 | Bergljot Holte Bjørkenes og Margareth Jensen: Folk og slekt i Trondenes (1997), s. I:105 |
| 13 | Gerd Fjellstad: Fra Adel til Bumenn - Nordlandsslekter (1996), s. 102 |
| 14 | Johan Hveding: Nordlandsætta Hveding frå 1580 [Oslo 1944], s. 73 |
| 15 | Bergljot Holte Bjørkenes og Margareth Jensen: Folk og slekt i Trondenes (1997), s. I:57 |
| 16 | 8 år gl. og hjemme hos forældrene ved FT 1801. |
| 17 | Johan Hveding "Nordlandætta Hveding" skriver 1797. |
| 18 | Geir Moen epost dat. 30. okt. 2000 |
| 19 | Johan Hveding: Nordlandsætta Hveding frå 1580 [Oslo 1944], s. 73-74 |
| 20 | Johan Hveding: Nordlandsætta Hveding frå 1580 [Oslo 1944], s. 74 |
| 21 | Gerd Fjellstad: Fra Adel til Bumenn - Nordlandsslekter (1996), s. 81-82 |
| 22 | «2det barn» |
| 23 | I folketellingen 1801 nevnes kun 3 barn Aron, Benedicta og Maria. |
| 24 | Geir Moen, epost dat. 22. okt. 2000 |
| 25 | «4de barn» |
| 26 | «5te barn» |
| 27 | Gerd Fjellstad: Fra Adel til Bumenn - Nordlandsslekter (1996), s. 74 |
| 28 | «7de barn» |
| 29 | Nesten umulig å tyde dato, døpt nr. 11 i 1809. |
| 30 | Geir Moen, epost |
| 31 | Død i barselseng. |
| 32 | Bergljot Holte Bjørkenes og Margareth Jensen: Folk og slekt i Trondenes (1997), s. I:41 |
| 33 | Død av kreft. |
| 34 | Allerede død - død før dåpen. |